«Like uimotståelig som crack» – Superpularen veke 35 og 36

Den eigentlege årsaka til at forfattarar skriv bøker, er sjølvsagt at dei får sjansen til å samle dei beste folka til lanseringsfest. Superpularen blei offisielt opna med sang av «Nystemten» 29. august i Hokksund. Tusen takk til alle som kom, sang og kjøpte bok!

Kari Telle les frå Superpularen

Kari Telle les frå Superpularen på lanseringsfesten 29. august. Foto: Odd-Geir Berge.

Einar Alfred Vengen Hansen les frå Superpularen på lanseringsfesten 29. august. Foto: Odd-Geir Berge.

Einar Alfred Vengen Hansen les frå Superpularen. Foto: Odd-Geir Berge.

Superpularen i media
Torsdag publiserte framtida.no eit intervju som Andrea Rygg Nøttveit gjorde med meg før haustlanseringa til Samlaget. Saka vart også delt av lokalavisa Nordhordland med små endringar.

Fredag stod dette intervjuet på trykk i Morgenbladet.

«Like uimotståelig som crack»
Litteraturvitar, bokbloggar og redaktør for tidskriftet Biblioteket, Line Tidemann, tok med seg Superpularen frå haustlanseringa til Samlaget, og omtalar boka slik i si oppsummering av årets bøker frå forlaget:

Selv valgte jeg Superpularen fra bunken på Samlagets lansering fordi den så ut til å være det lengste jeg kommer unna noe som noen kritiker kan sammenlikne med Jon Fosse denne bokhøsten. Jeg vet at jeg før eller senere overdoser – igjen – på sarte, dårlig skjult selvbiografiske oppvekstromaner med rammefortelling i presens, og trengte en litt annerledes roman for å unngå at bokhøsten min ender med sørgelig kapitulasjon og diagnosen P76 allerede medio september. Men siden litterære livbøyer med tittelen Superpularen er like uimotståelig som crack, har jeg allerede sløset den bort før jeg rakk å bli lei bøker av forfattere som har «pussa og pussa på språket til det knapt var forteljing, karakterar eller situasjoner att, berre skuggar av det som hadde vore der.» Så nå er jeg dømt til, innen primo oktober, å tenke som Berges forlagskonsulent Fanny Acker: «I staden for å sitte inne og ete skit med auga burde eg gå ut og treffe andre menneske.»

Heile «Høstbøker fra Samlaget» les du her.

Signert eksemplar?
Boka det er snakk om får du med maks. rabatt hos haugenbok.noEr du på jakt etter eit signert eksemplar, sender du ein epost til atle krøllknute muntergang.no.

 

Opplesing

Eg har lese inn kapittelet «Sex, mord og cliffhangers» frå den delen av Superpularen som leikar med krimsjangeren. Musikk ved kollega på Drammensbiblioteket, Øyvind Svaleng.

Ps. Om du vil vite korleis det går, er det berre å bestille eit eksemplar på haugenbok.no.

 

Quiz

Vil du lese Superpularen, men er for fattig eller gjerrig til å bestille eit eksemplar? No kan kunnskapane dine om erotisk litteratur redde deg. Send rett svar på spørsmålet under til quiz alfrakrøll superpularen.no, så skal eg prøve å skaffe deg eit eksemplar.

Spørsmål

Fleire av dei viktigaste karakterane i Superpularen har for vane å herme etter scener frå den erotiske litteraturhistoria – bøker som Historien om øyet av Georges Bataille og Filosofi på kammerset av de Sade. Kva norske klassikar er det Fanny i Superpularen siterer her:

– Vi får gå for det trygge, sa ho og tusla inn i stova, kom tilbake med ____________, las høgt det første avsnittet før dei starta å følge handlinga med kroppane sine.

– Jeg lå på maven foran ham, uten truser på og bare med en liten trøye over skuldrene. Jeg strakte bena litt fra hverandre og løftet enden i været for at han skulle få plass til å stikke hånden sin forsiktig opp under maven min, bakfra som han pleide. Et øyeblikk lå jeg og ventet, så kjente jeg varmen av hånden helt oppe mellom innsidene av lårene, og følte at den gled nedenom og opp foran. Så lukket han hånden forsiktig om blomsten min.

Superpularens. 69

 

Lanseringsfest

Tid: Lørdag 29. august, kl. 19:00.

Stad: Velvet kafé, Stasjonsgata 9, 3300 Hokksund.

Superpularen er i sal frå 8. september, men allereie veka før – 29. august – blir det lanseringsfest på Velvet kafé i Hokksund*. Alle festlege menneske som er nysgjerrige på Superpularen er velkommen!

*Hokksund?!? tenker du kanskje. I så fall skal du vite at det berre tar 40 min. med tog frå Oslo S: L12 mot Kongsberg som går ein gong i timen.

 

Bla i boka

Samlaget har lagt ut dei første sidene i Superpularen på Issuu: http://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/superpularen/1

 

Om boka

Superpularen, roman, Samlaget 2015. I sal 8. september.

Når ein skriv slike noveller som eg vanlegvis skriv, skrudde noveller der opp er inn og ned er ut, masar alltid folk om at bøkene er så rare. Kan du ikkje skrive noko vi forstår? seier dei. Noko det går an å lese på stranda? seier dei. Og på bussen? Kvar gong eg kjem heim til mor mi, spør ho om eg ikkje snart skal skrive ein kriminalroman. Med cliffhangers, insisterer ho. Du må ha med cliffhangers! Og sex, seier ho, mor mi. Det er det folk liker å lese om. Og ho er ikkje aleine, alle masar om sex og mord, så da eg sat der, oppstemt og opprørt av alle damene bror min hadde skrytt på seg, tenkte eg at denne gongen skal dei faen meg få det dei vil ha: sex, mord og cliffhangers.

Superpularen, s. 142.

Den kresne novelleforfattaren Aleksander Martinson har det seinaste året oppnådd enorm suksess etter å ha gitt etter for marknadskreftene og gitt ut den erotiske kriminalromanenSuperpularen. På same tid, i same by, skriv ein taxisjåfør ned alt passasjerane seier om Martinson og boka hans. Han innser etterkvart at han har nok historier til å skrive ei bok omSuperpularen. Men under jakta på den siste avgjerande stemma, blir Martinson funne myrda, bunde til senga si, innsmurt i vaniljeis – og sjåføren blir mistenkt for mordet.

Du kan bestille boka hos haugenbok.no.