Den surénske skrivemåten

Odd W. Surén har lese Superpularen for Dag og tid under overskrifta «Den norske liggjemåten», og oppsummerer etter forfattarens meining romanen på stårlande vis, typisk for den Surénske skrivemåten:

Tittelen kan få ein til å tru at dette er ei spekulativ bok, men ho representerer noko mykje smartare, for romanen handlar om ei anna bok, den eigentlege romanen Superpularen, som rett nok ikkje er så eigentleg, eigentleg, men berre eksisterer som ein påstand i romanen Superpularen av Atle Berge. Forvirra? Godt!

På nokre område minner Berge om Kjersti Rorgemoen. Båe skriv romanar etter lappeteppemetoden og plasserer det trivielle i ein intellektuell kontekst der banalitetar stundom vert drøfte med kritisk blikk og akademisk vokabular. Analysen skaper distanse mellom objekt og observatør, men der Rorgemoen held seg til eit fast subjekt sentralt i teksten, er perspektivet stadig skiftande hjå Berge og somme tider er det dikta opp inne i fiksjonen, såleis minner han lesaren på at alt eigentleg berre er dikting, lite er sanning, og ingenting er sikkert. Her er lag på lag med fiksjon, bokidear om snakkesalige passasjerar så vel som den norske liggjemåten, krydra med skildringar av sex utan atterhald og nemnande kjærleik og eit drap med usannsynleg motiv. Det er virtuost gjort og godt tenkt, av ein forfattar som ikkje lenger er lovande, men som innfrir og tidt tvingar lesaren til ettertanke.

 

Atle Berge

Debuterte med romanen Muntergang i 2010. Har etter det gitt ut Stockholmsyndromet (2012) og fire bøker om Barcelona-gjengen. Les meir på samlaget.no.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>