«Superpularen er en klikkhore»

Det er ikkje kvar dag ein blir skulda for litterær prostitusjon i landets største avis, men Superpularen blir altså slakta i Aftenposten i dag under den sexy tittelen «Superpularen er en klikkhore». Forresten, total slakt er det ikkje: «Atle Berge er ikke en umorsom forfatter. Han observerer og tenker.» Ergo sum?

Eg tek det sjølvsagt som eit kvalitetsteikn at ei borgarleg avis ikkje liker boka mi, men blir litt oppgitt av at ein meldar frå ein så tradisjonsmedviten redaksjon skuldar meg for å skrive «etter et slags løsbladsystem som noen i siste instans har lappet sammen til et helhetlig verk», utan å nevne at boka uttalt går i dialog med dei mange bøkene som er skrive på liknande måtar tidlegare.

T.d. står det at hovudpersonen begynte å skrive ned passasjerhistoriene Superpularen består av, då han høyrde om tradisjonen etter Lukian, «ein tradisjon som samla på stemmer, stilte dei ulike perspektiva opp mot kvarandre utan å avsløre kva perspektiv forfattaren sympatiserte med» (s. 49).

Når forteljaren i Superpularen snublar «mellom sarkasmer og orgasmer», er det altså ikkje ein hyperaktiv villstyring som er på ferde, men ein sindig ung mann med ein brennande kjærleik til den menippeiske romanen, ein sjanger som er nesten daud her i landet, manifestaktig oppsumert slik i Loven vest for Pecos av Kjartan Fløgstad:

1. Genren legg spesiell vekt på det komiske. Karnevalselementet er alltid til stades i den menippeiske satiren.
2. Genren er urein, både filosofisk og i handlingsforløpet, som gir total fridom for alle slags påfunn.
3. Genren er fantastisk. Men det fantastiske tener ikkje som ei positiv konkretisering av sanninga, genren nektar alltid å framstilla ein positiv utopi. I staden er den leiting og provokasjon og prøve på sanninga.
4. Den menippeiske satiren inneheld ei organisk samankopling av fri fantasi, symbolisme og komedie med rå og kriminell naturalisme. Handlinga går føre seg på landevegen, på bordell, blant tjuvar og kjeltringar, i kneiper, på marknadsplassar og i fengsel, og den skildrar dei erotiske orgiene til religiøse slekter.
5. Naturalisme og fantasi blir kombinert med ekstrem interesse for ideologiske forhold. Genren handlar om dei ytterste ting.
6. Den menippeiske satiren spelar seg ut på tre plan: På jorda, på olympen og i underverda.
7. Genren er ustanseleg eksperimenterande, med form, synspunkt, språknivå osv.
8. Den handlar om uvanlege moralske og psykiske tilstandar, det vil seie galskap av alle slag, draumar, fantasiar og sjølvmord; alt som øydelegg den episke og tragiske integriteten til mennesket og lagnaden. I staden kjem mulighetene for eit anna menneske og eit anna liv til syne. Karnevalsmaska er den synlege negasjonen av uniformering og likskap; den avviser berarens konformitet med seg sjølv og sin eigen autentisitet.
9. Dei tragikomiske genrane er fulle av alle slags skandalar, brot på normale handlingsganger, og på alle verbale normer.
10. Genren spelar på skarpe kontrastar.
11. Den inneheld ofte element av sosial utopi, i form av draumar eller reiser til ukjende land.
12. I den menippeiske satiren blir alle andre diktformer brukte fritt: noveller, brev, dikt, talar. Alt med parodisk distanse frå forfatteren si side.
13. Alle dei ulike diktformene gjer kontrastverknadene ekstra sterke.
14. Og til slutt: Den menippeiske satiren er journalistisk og publistisk. Det vil seia at den er full av open og skjult polemikk mot dei ulike filosofiske, religiøse, politiske og vitskapelege tendensane i tida.

Når det gjeld merkelappen «klikkhore», har sjølvsagt meldaren heilt rett: Eg kalla ikkje boka Superpularen fordi det var ein så skjønn og poetisk tittel, men for å bli omtala av Aftenposten.

Heile melding finn du på aftenposten.no. Og når du har lese den må du sjølvsagt kjøpe boka for å gjere opp di eiga meining om romanen det er snakk om. Det gjer du for eksempel på haugenbok.no, eller ebok.no.

 

Atle Berge

Debuterte med romanen Muntergang i 2010. Har etter det gitt ut Stockholmsyndromet (2012) og fire bøker om Barcelona-gjengen. Les meir på samlaget.no.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>