Om boka

Superpularen, roman, Samlaget 2015. I sal 8. september.

Når ein skriv slike noveller som eg vanlegvis skriv, skrudde noveller der opp er inn og ned er ut, masar alltid folk om at bøkene er så rare. Kan du ikkje skrive noko vi forstår? seier dei. Noko det går an å lese på stranda? seier dei. Og på bussen? Kvar gong eg kjem heim til mor mi, spør ho om eg ikkje snart skal skrive ein kriminalroman. Med cliffhangers, insisterer ho. Du må ha med cliffhangers! Og sex, seier ho, mor mi. Det er det folk liker å lese om. Og ho er ikkje aleine, alle masar om sex og mord, så da eg sat der, oppstemt og opprørt av alle damene bror min hadde skrytt på seg, tenkte eg at denne gongen skal dei faen meg få det dei vil ha: sex, mord og cliffhangers.

Superpularen, s. 142.

Den kresne novelleforfattaren Aleksander Martinson har det seinaste året oppnådd enorm suksess etter å ha gitt etter for marknadskreftene og gitt ut den erotiske kriminalromanenSuperpularen. På same tid, i same by, skriv ein taxisjåfør ned alt passasjerane seier om Martinson og boka hans. Han innser etterkvart at han har nok historier til å skrive ei bok omSuperpularen. Men under jakta på den siste avgjerande stemma, blir Martinson funne myrda, bunde til senga si, innsmurt i vaniljeis – og sjåføren blir mistenkt for mordet.

Du kan bestille boka hos haugenbok.no.

 

Atle Berge

Debuterte med romanen Muntergang i 2010. Har etter det gitt ut Stockholmsyndromet (2012) og fire bøker om Barcelona-gjengen. Les meir på samlaget.no.