Tips til valentinsgave

 

Forbrukartips

Ann Helen Ingebrigtsen serverer følgande forbrukartips på bloggen sin «Les mye»:

Er du av typen som helst les bøker av Jo Nesbø, eller med omslag av typen kvinner sett bakfrå, bør du revurdere Superpularen. Har du derimot sansen for filosofi og kjennskap til anna litteratur enn krim, er det store sjansar for at du vil like boka.

Anbefalast.

Les heile posten her.

 

Superpularen i Framtida

Kristian Laxå har lese Superpularen for framtida.no, og konkluderer slik:

Om du vil ha ein lettbeint roman, med masse fine skråblikk på alt mogleg menneskeleg, så les Atle Berges «Superpularen».

Les heile meldinga her, og skaff deg boka!

 

«Underholdende om de pratende klasser»

Stavanger Aftenblad måler Superpularen mot 50 Shades of Grey og Jordbærmus og konkluderer med at det er ein underhaldande roman om den snakkesalige kultureliten:

UNDERHOLDENDE OM DE PRATENDE KLASSER
Atle Berges tredje roman, med den bevisst pubertalt provoserende tittelen ´Superpularen´, skildrer kulturelitens dobbeltmoralske frykt for det som selger, samtidig som det er det både lesere og bokbransje higer etter. Og det som selger, er sex. Men sex er vanskelig å behandle kunstnerisk, og reaksjonene på utgivelser som ´50 Shades of Grey´ eller Aune Sands ´Jordbærmus´ viser at fallhøyden er stor. Berge løser dette metalitterært, ved å skildre hvordan en seriøs og anerkjent forfatters uventede utgivelse av sex- og krimromanen ´Superpularen´ gjøres til et fenomen av den massive oppmerksomheten den får fra et samstemt kulturkor …  Hos Berge er drosjesjåføren velutdannet, belest, skrivefør, observerende og lyttende, mens det er bedreviterne fra de nye pratende klassene som fyller den tradisjonelle drosjesjåførklisjeen ved å felle dommer uten tilstrekkelig innsikt og uten blygsel skrive ut resept for samfunnssykdommer de feildiagnostiserer». – Brita Strand Rangnes, Stavanger Aftenblad

 

Den surénske skrivemåten

Odd W. Surén har lese Superpularen for Dag og tid under overskrifta «Den norske liggjemåten», og oppsummerer etter forfattarens meining romanen på stårlande vis, typisk for den Surénske skrivemåten:

Tittelen kan få ein til å tru at dette er ei spekulativ bok, men ho representerer noko mykje smartare, for romanen handlar om ei anna bok, den eigentlege romanen Superpularen, som rett nok ikkje er så eigentleg, eigentleg, men berre eksisterer som ein påstand i romanen Superpularen av Atle Berge. Forvirra? Godt!

På nokre område minner Berge om Kjersti Rorgemoen. Båe skriv romanar etter lappeteppemetoden og plasserer det trivielle i ein intellektuell kontekst der banalitetar stundom vert drøfte med kritisk blikk og akademisk vokabular. Analysen skaper distanse mellom objekt og observatør, men der Rorgemoen held seg til eit fast subjekt sentralt i teksten, er perspektivet stadig skiftande hjå Berge og somme tider er det dikta opp inne i fiksjonen, såleis minner han lesaren på at alt eigentleg berre er dikting, lite er sanning, og ingenting er sikkert. Her er lag på lag med fiksjon, bokidear om snakkesalige passasjerar så vel som den norske liggjemåten, krydra med skildringar av sex utan atterhald og nemnande kjærleik og eit drap med usannsynleg motiv. Det er virtuost gjort og godt tenkt, av ein forfattar som ikkje lenger er lovande, men som innfrir og tidt tvingar lesaren til ettertanke.

 

«Disse bøkene vil få deg til å le»

Disse bøkene vil få deg til å leNrk.no har laga sak om bøker som får deg til å le, og kritikar Anne Cathrine Straume nemner blant anna Superpularen som eit heitt lesetips. I komprimert sitatform:

… en vittig lek med litteraturen og den evige konflikten mellom det seriøse og det lettbente … en komisk meta-roman som utleverer debatten om høyt og lavt i litteraturen. Kanskje aller morsomst for dem som jobber med litteratur selv …

Eg håper sjølvsagt boka også er tidig for dei som er opptatt av sex, men kjenner du nokon i litteraturbransjen veit du i alle fall kva du skal gi i julegåve til han eller henne!

Les heile saka på nrk.no.

 

Brenner & bøkene

IMG_0867

Bildet: Brenner og Berge framfor Drammens største bustadblokk, Skistadbygget, som er scene for Ingvild Schades spinnville kollektivroman Drammens rekordbok. Foto: Marit Christina Lie, NRK.

Brenner & bøkene tok opp sesongens to siste episodar på Drammensbiblioteket, og eg var Hans Olav Brenner sin litterære guide i det første programmet. Hovudgjestar i episoden var Jo Nesbø og Liv Køltzow. Programmet ligg ute på nett-tv: https://tv.nrk.no/serie/brenner-og-boekene/MKTF70000715/sesong-3/episode-7

Sjekk også ut dette intervjuet med Brenner frå Dagsavisen Fremtiden gjort under innspeling: «Bokmannen».

 

 

«Superpularen er en klikkhore»

Det er ikkje kvar dag ein blir skulda for litterær prostitusjon i landets største avis, men Superpularen blir altså slakta i Aftenposten i dag under den sexy tittelen «Superpularen er en klikkhore». Forresten, total slakt er det ikkje: «Atle Berge er ikke en umorsom forfatter. Han observerer og tenker.» Ergo sum?

Eg tek det sjølvsagt som eit kvalitetsteikn at ei borgarleg avis ikkje liker boka mi, men blir litt oppgitt av at ein meldar frå ein så tradisjonsmedviten redaksjon skuldar meg for å skrive «etter et slags løsbladsystem som noen i siste instans har lappet sammen til et helhetlig verk», utan å nevne at boka uttalt går i dialog med dei mange bøkene som er skrive på liknande måtar tidlegare.

T.d. står det at hovudpersonen begynte å skrive ned passasjerhistoriene Superpularen består av, då han høyrde om tradisjonen etter Lukian, «ein tradisjon som samla på stemmer, stilte dei ulike perspektiva opp mot kvarandre utan å avsløre kva perspektiv forfattaren sympatiserte med» (s. 49).

Når forteljaren i Superpularen snublar «mellom sarkasmer og orgasmer», er det altså ikkje ein hyperaktiv villstyring som er på ferde, men ein sindig ung mann med ein brennande kjærleik til den menippeiske romanen, ein sjanger som er nesten daud her i landet, manifestaktig oppsumert slik i Loven vest for Pecos av Kjartan Fløgstad:

1. Genren legg spesiell vekt på det komiske. Karnevalselementet er alltid til stades i den menippeiske satiren.
2. Genren er urein, både filosofisk og i handlingsforløpet, som gir total fridom for alle slags påfunn.
3. Genren er fantastisk. Men det fantastiske tener ikkje som ei positiv konkretisering av sanninga, genren nektar alltid å framstilla ein positiv utopi. I staden er den leiting og provokasjon og prøve på sanninga.
4. Den menippeiske satiren inneheld ei organisk samankopling av fri fantasi, symbolisme og komedie med rå og kriminell naturalisme. Handlinga går føre seg på landevegen, på bordell, blant tjuvar og kjeltringar, i kneiper, på marknadsplassar og i fengsel, og den skildrar dei erotiske orgiene til religiøse slekter.
5. Naturalisme og fantasi blir kombinert med ekstrem interesse for ideologiske forhold. Genren handlar om dei ytterste ting.
6. Den menippeiske satiren spelar seg ut på tre plan: På jorda, på olympen og i underverda.
7. Genren er ustanseleg eksperimenterande, med form, synspunkt, språknivå osv.
8. Den handlar om uvanlege moralske og psykiske tilstandar, det vil seie galskap av alle slag, draumar, fantasiar og sjølvmord; alt som øydelegg den episke og tragiske integriteten til mennesket og lagnaden. I staden kjem mulighetene for eit anna menneske og eit anna liv til syne. Karnevalsmaska er den synlege negasjonen av uniformering og likskap; den avviser berarens konformitet med seg sjølv og sin eigen autentisitet.
9. Dei tragikomiske genrane er fulle av alle slags skandalar, brot på normale handlingsganger, og på alle verbale normer.
10. Genren spelar på skarpe kontrastar.
11. Den inneheld ofte element av sosial utopi, i form av draumar eller reiser til ukjende land.
12. I den menippeiske satiren blir alle andre diktformer brukte fritt: noveller, brev, dikt, talar. Alt med parodisk distanse frå forfatteren si side.
13. Alle dei ulike diktformene gjer kontrastverknadene ekstra sterke.
14. Og til slutt: Den menippeiske satiren er journalistisk og publistisk. Det vil seia at den er full av open og skjult polemikk mot dei ulike filosofiske, religiøse, politiske og vitskapelege tendensane i tida.

Når det gjeld merkelappen «klikkhore», har sjølvsagt meldaren heilt rett: Eg kalla ikkje boka Superpularen fordi det var ein så skjønn og poetisk tittel, men for å bli omtala av Aftenposten.

Heile melding finn du på aftenposten.no. Og når du har lese den må du sjølvsagt kjøpe boka for å gjere opp di eiga meining om romanen det er snakk om. Det gjer du for eksempel på haugenbok.no, eller ebok.no.

 

«Sex, drap og litteraturkritikk»

lanekort.jpg_200x126

Landets kulaste lånekort. Illustrert av Lars Fiske – sjølvsagt.

 

Intervju om Superpularen på bloggen til Deichmanske.

 

Ebok

Skjermbilde 2015-09-24 kl. 21.03.08

Planen hadde vore å sjå ekspeditøren inn i auga, men nakkemusklane var stive og uvillige. Kapillærane utvida seg. Huda prikka.
– Sss, sss, se, su, u, u, u, per, stamma han.
Superpularen, ja! svarte Eldorado-jenta lett, høgt.
Han såg ikkje opp, men truleg smilte ho medan ho sa det, lo av han som ikkje våga å seie Superpularen høgt.

Superpularen, s. 51.

Er du også nervøs for å gå inn i ein bokhandel og seie «Eg skulle hatt den der Superpularen»? Fortvil ikkje! No er eboka endeleg her.

Sjekk ut i appen til ebok.no eller på haugenbok.no.